Greenlight district litterary edit
I morgon opnar den fabelaktige Greenlight district festival; festivalen som viser korleis Grenland gjer postindustri om til nyindustri - med m.a. kunst og kultur. Eg var kurator for litteraturdelen av festivalen og redaktør for det litterære innstikket i festivalavisa. Den er no klar frå trykkeriet, og blir lansert i morgon kveld på Spriten kunsthall i Skien.