Innkjøpsordninga for nye, norske teikneserier er selektiv, noko som betyr at eit utval les og vurderer den kunstnariske kvaliteten. I runde #2 2018 vart halvparten av dei påmeldte titlane innkjøpt og halvparten nulla. Tord Torpe og min teikneserie Kjøt var av dei innkjøpte. Det er ikkje overraskande, i og med Tords eksepsjonelle illustrasjonsarbeid. Her er ein tilnærma uendelegheit av visuelle referansar, og sjølvstendige historier langsmed den verbale historia. Han tok Gull i kategorien illustrasjon for Kjøt.
Innkjøp + Gull i Visuelt
Teikneserien Kjøt er no å finne i tusen bibliotek over heile landet. Den kom gjennom den selektive innkjøpsordninga. Og teiknaren, Tord Torpe, tok endåtil den gjævaste prisen under Visuelt-utdelinga for bilda i boka.