Det finst 10051 artiklar i dei største, norske papiravisene om Lars Saabye Christensen. På nett veit eg ikkje. Men eg veit at få forfattarar er så mykje intervjua, så få forfatterskap er analyserte og skrive oppgåver om. Så skal eg intervjue han - for Bokvennen litterær avis. Og grublar for å finne omvegar og utvegar for å gjere noko som kan skilje seg ut og gi noko ekstra til lesaren. Kanskje vi kan gå ein tur gjennom Majorstuen og Frogner og gjenvitje åstadar frå bøkene hans? Ta båten ut til Nesodden og tusle mellom vinterstengde sommarhus og sovande epletre? Nei, av ymse grunnar må det bli det vanlege oppsettet. Baker Brun på Vinderen, to koppar te og ein opptakar.
– Eg driv meir og meir med opplesning, fortel Saabye Christensen, og fortel at det er ein ting han tvinger seg litt til å gjere, som ikkje fell naturleg for han, men som han alltid får så mykje igjen for etterpå. "Det er så viktig å møte lesaren," seier han, og spør meg om ikkje eg óg driv med opplesing. Jau, og eg grur meg alltid på førehand. Både til reisene og stunda på scena. Men så får eg alltid så mykje att, og tenkjer alltid etterpå at det å gru seg, det var jammen ikkje nødvendig. Og så slår det meg at eg sitt her og kosar meg. At dette intervjuet, kanskje det eg har grudd meg mest til i min tid, er av dei kjekkaste. Eg som ikkje trudde at eg kunne like Saabye Christensen meir enn eg gjorde, går frå Baker Hansen som ein endå større beundrar.
De finn rundt 25000 teikn Saabye Christensen i BLA #4/ 2017, som er ute no, og som de kan kjøpe på Narvesen, mellom anna.