Sidan eg fekk Tarjei Vesaas Debutantpris i 2005 og gjennom rundt ti bøker og fleire andre pristildelingar, har eg venta og ønska meg ei melding i Dagens Næringsliv. Kvifor det har blitt sånn? Eg blir meldt i Klassekampen, Morgenbladet, Dagsavisen, BT og andre aviser med den form for lang tradisjon med og høgt nivå på meldarar og melding. Det burde vere gjævt- og tilfredstillande nok. Det kan vere at DN meldar så få bøker. Eg ville ha kjent meg ekslusiv og inkludert i eit nytt selskap: Eitt som eg absolutt kunne tenkt meg å vere ein del av. DN er ei knallgod avis, som eg les kvar helg. Denne helga var det min tur. Etter 11 år som forfattar er det min tur. Jubel, forundring, frustrasjon. Eg skjønner ikkje innvendingane. Gabrielsen anerkjenner at norrøn kultur og norsk-islandsk språk- og kulturhistorie er blant tema. Men når eg prøver å nyskape språk, antydar han at det er eksluderande. Han synest at eg skriv «blendende godt» og anerkjenner at det er eit formeksperiment. Men spør også om det fungerer som roman. Fungerer som kva form for roman? Eg vil tilfredstille denne meldaren. Eg vil ha det eg ikkje får. Visst er det barnsleg. Eg skulle berre vere takksam og lykkeleg for dei som vil ha meg. Dét fører gode ting med seg. Så det gjeld å sikre at folk ikkje ender opp slik: såra og vonbrotne. Difor har Forfatterforeninga, der eg er styremedlem, mjuka opp inntakspolitikken sin. Difor har DnF blitt ein meir inkluderande og open og mindre, som ein før sa «elitistisk» organisasjon. Det tenkjer eg på i dag, når eg er stolt over å endeleg bli meldt i DN, der eg sjølv var sommarvikar eit år. Dei lærte meg det meste som eg kan om å byggje opp featurereportasjar. Etter anslaget; eit forklarande, kort avsnitt. Så går ein heilt attende til start, og fortel det heile, kronologisk, setning for setning, avsnitt for avsnitt. Dessutan skryt jo Bjørn av meg også, takk!
Setning for setning, avsnitt for avsnitt, skriver Mette Karlsvik blendende godt. Foran øynene på leseren stiger landet opp av havet, og alle disse islandske naturkreftene du har hørt så mye om, jaggu klarer ikke Karlsvik å beskrive dem på måte som virker ny.
(Bjørn Gabrielsen, DN 10/12-2016)