Heim
  • Bok & scene
  • Skriv for blad
  • Underviser
  • Bestillingsverk
  • Nettlogg
  • Verk
  • Om/ kontakt

Surtsey meldt av Stavanger Aftenblad

 

"Ei dramatisk og vâr historie både om dei eruptive, ytre naturkreftene og dei to unges samtidige oppleving av eit anna menneske og kjærleiken"

ons.april.2022

Eg er særs takksam for en utrettelege bokmeldar Jan Askelund som dei har skrive meldingar av alle dei siste seks romanane eg har gitt ut. Takk for interessa til han og til Stavanger Aftenblad! Til romanen Surtsey gir han terningkast fire, og viser til det han kallar krav om "eksamen frå «språkleg nordisk» av lesaren, så pepra som teksten er med islandsk: «hárgreiðslu» ein stad kan gi ein «gæsahúðin» ein annan. At Sóley «blir fælinn og hlauper bort til skrentinn», er på den andre sida fullt forståeleg, og derfor skaperi i ein norskspråkleg roman."

Men det er også mykje fint i meldinga. Han kallar romanen

ei dramatisk og vâr historie både om dei eruptive, ytre naturkreftene og dei to unges samtidige oppleving av eit anna menneske og kjærleiken

og skriv òg:

Med «Surtsey» overgår ho seg sjølv, ikkje bare ved å skildra skapinga av islandsk landskap og topografi. Ho står for sjølve skaparverket: Etter eit vulkanutbrot steig nemleg øya Surtsey opp av havet ein dag i november 1963. Utbrotet varte innpå fire år før Surtsey – til slutt i underkant av 3 kvadratkilometer – var blitt så stor som ho er nå. I denne roman gir Karlsvik det bibelske proporsjonar og lar det skje på éin (annan) dag. Og for godt mål lar ho dei to hovudpersonane, ungdomane Sóley og Viðar oppleva det på nært hald i ein liten båt på havet like ved.

  • ‹ Forrige
  • Neste ›
© 2023 Mette Karlsvik
info[at] skrift.info
Personvern + kredditering
Design og utvikling Sømme