Eg hadde budd i Glasgow eitt års tid da filmen The Ratcatcher kom på kino. Det var på den tida da eg hadde bytta avdeling på Glasgow School of Art, til fotoavdelinga, med Thomas Joshua Cooper som avdelingsleiar, og alle slags landskap - særleg dei emosjonelle - var i søkaren på kamera mitt. The Ratcatcher er på augehøgd med ei gut oppvaksen i eitt av "bustadsprosjekta" som var organisert i Glasgow frå tidleg på søttitalet. Sjølv hadde eg nettopp blitt med på eit slags bustadsprosjekt initiert av eit par kompisar som studerte arkitektur og som kjøpte eit lite hus i Crosshill heilt sør i Glasgow kommune. Det var eit skakkt hus der taket var i ferd med å falle ned, i eit område befolka av rotter og kriminialitet. Arkitektkompisane mine skulle bygge huset om som eksamensoppgåve, men blei nok litt overvelda over oppgåva, og endte kvar ettermiddag etter skulen på sofaen med ein joint. Huset forfalt, gnagarane flytta inn og eg kjente meg utrygg i den heimen. Kanskje var det difor eg blei så råka av The Ratcatcher, av hovudpersonen - den vesle guten - sin måte å takle kaoset rundt seg , og kanskje var det difor at eg sa ja da Lynne Ramsays casting director tok kontakt med meg på ei utstillingsopning ein kveld og inviterte meg til audition for ei rolle i den kommande filmen hennar.
Slik fekk eg rolla som "Morvern Callar" sin mørke/sjuke skugge i filmen Morvern Callar. Det var Samantha Morton som spelte Morvern Callar. Morton hadde da allereie vore nominert til éi Oscarpris, og på settet viste ho seg ikkje berre som ein svært talentfull og intuitiv skodespelar. Ho var også eit varmt, artig, raust, avslappa og uhøgtideleg menneske, som gjorde lange dagar på settet meir overkommeleg. At filmbransjen ikkje er like human, det er ei historie for seg, som eg kanskje fortel ein annan gong. Det same gjeld utviklinga som Crosshill og Glasgow visst har teke i åra sidan eg flytta derfrå, tidleg på 00-talet. No har det gått fleire oscarnominasjonar (til Morton, sjølvsagt) og tjue år sidan filmen var ferdig og vi mtøtest for siste gang, på premierefest i London - da side ved side, og ikkje som i desse bilda med meg som "Morvern" sin skugge i bakgrunn.