I Mette Karlsviks første barnebok følgjer vi Asta, Guro og Linnea gjennom ein heil sommar. Det er ei forteljing om vennskap og uvennskap, samhald og einsemd, full av dramatikk og humor og fargerike karakterar.
Venninnene Asta, Guro og Linnea bur på øya Snerken utanfor Kristiansund. No er det første sommarferiedag og tid for miljøvernklubben Tre. Klubbhuset er ei trehytte i det einaste treet på den forblåste holmen. I dag er havet så høgt at øya nesten flaumar over. Det er berre ein meter frå husa og ned til havet! Klubben vil stoppe flaumen. Det er ikkje gjort på ein, to, tre. Sommaren går difor til å lage Noahs ark. Dei prøver å samle lamaer, insekt og kjærastpar til hytta.
I Mette Karlsviks første barnebok følgjer vi Asta, Guro og Linnea gjennom ein heil sommar. Det er ei forteljing om vennskap og uvennskap, samhald og einsemd, full av dramatikk og humor og fargerike karakterar.
Frå bokmeldingar:
"Med god balanse mellom humor og alvor, mellom spenning og refleksjon, har Karlsvik skrevet en fin og engasjerende bok med et variert, poetisk og intenst språk."
Adele Lærum Duus, Barnebokkritikk.no
"1-2-TRE er ei bok som gjer meg både glad og trist. Noko av det beste med ho er språket, det er spenstig og oppfinnsamt, og det står sers godt til handlinga i boka. Handlinga er episodisk, men likevel er dette ei forteljing som kan lesast fortløpande. Eg liker Mette Karlsvik sin fabulerande og ikkje heilt realistiske stil, den er som ein frisk pust. Her er det plass til både alvor og humor. Boka handlar om einsemd, om venskap og om kjærleik i tillegg til den ytre handlinga som tek for seg miljøspørsmål. Denne boka anbefaler eg til alle som liker ei god forteljing med godt språk. Ho egnar seg sers godt til høgtlesing for mellomtrinnet på barneskulen, men mange vaksne vil nok og kjenne seg att og humre når dei les denne boka."
Elisabeth Soleim, Kristiansund folkebibliotek