Då isen forsvann, kunne steinalderfolket bu der dei ville og ikkje der dei måtte. Dei busette seg i eit sund mellom fire øyer, og fekk både lun hamn og tilgang til ope storhav. Langt seinare kom flyplassen til byen. Flygeleiaren har utsikt frå buplassen i vest, mot jaktstaden i aust. Han har gode kunnskapar om meteorologi, geografi og samfunnsmessige tilhøve i området. Han får familie. Ser dei kvarandre?
Flytårn er ei historie om utvandring og innvandring, om dei som fer fordi dei er usikre på seg sjølve. Andre er så trufaste at dei blir sjuke av det. Det er også ein måte å fare på.
Dette er den andre romanen til Mette Karlsvik. Ho debuterte med Vindauga i matsalen vender mot fjorden, ei bok ho fekk Tarjei Vesaas’ debutantpris for i 2005.
Dei går som dei er. Varmen strålar frå asfalten. Parkeringsplassen sluttar. Stien byrjar. Flygeleiaren snur seg mot Nora. Hestehalen hennar er eit mørkt, mjukt og tjukt spørsmålsteikn.
Stien deler seg i to. Nora er eit stykke framfor flygeleiaren. Han ser heile ho.
Hestehalen hennar ristar når han pustar. Huda i nakken blir prikk, prikk, prikk, og Flygeleiarens utpust lang. Nora snur seg.
– Du blir kald, seier Flygeleiaren og ser mot dei berre beina hennar.
– Det skal ikkje vere brett på buksene, seier ho og nikkar mot beina hans.
– Korleis skal buksene vere? spør Flygeleiaren. Nora forklarar moten.
– Nei, nei, seier Flygeleiaren. Korleis synest du at det skal vere? spør han.
Nora ser forbi han, til eit skip i sundet. KNM Kvikk blir bygd ein stad i verda. Det finst dei som trur dei kan ligge saman under antenna utan at det blir barn av det.
– Antenna er ikkje farleg. Den heiter VOR, seier han.
– Vår?
Frå bokmeldingar:
"Karlsvik (s) korte og forholdsvis knappe stil griper på en helt særegen måte."
Mari Nymoen Nilsen, Adresseavisen
"Karlsviks litterære bilder sprenger seg plass i vårt litterære landskap."
Anne Schäffer, Bergens Tidende
"Flytårn kan minne om ein dokumentarfilm som klipper raskt frå scene til scene, og let kvart fragment innehalde akkurat så mykje, eller helst lite, informasjon som det må for å gi meining. Det handlar om kjærleik og kvardagsliv, arbeid og historie, natur og sjukdom. Aller mest handlar det om menneska, om kampen for livet."
Gerd Elin Stava Sandve, Dagsavisen
"Vakker liten bok! Mette Karlsvik har et krystallklart språk, finstemt og underspilt. Denne boka handler om en flygeleder som ikke greier helt å kommunisere med familien sin. Istedet sitter han i flytårnet og spiser kake. Boka er tynn og språket ganske enkelt, likevel er dette et storstilt stileksperiment med overraskende dybde ... Karlsvik skriver romaner som nesten er som smykker, små, vakre og delikate."
Silje Bekeng, Klassekampen (årets beste bøker)