Mørkerom handlar om Mette, som gjennom fotografi og minne forsøkjer å gå inn i si eiga fortid – og vidare inn i fortida til faren. Då faren døydde så altfor tidleg av sjukdom, mista ho blikket som gjorde henne til den ho var: Det å ikkje lenger bli sett skapte store endringar. Er det mogleg å finne attende til den ho var i blikket til faren? Kanskje må ho bryte gjennom dei idealiserte bileta ho har skapt av faren? Det å rekonstruere historia til faren kan vere ein veg til å finne fram til seg sjølv.
Kjøp frå heimesida og få rabattert pris og signatur:
Frå bokmeldingar:
«Mette Karlsviks nye roman undersøker hvordan vi skapes i hverandres bilder - både de mentale og de knipsede ... Mørkerom kretser rundt forholdet mellom en far og en datter; hvordan hun romantiserer ham, og hvordan hans blikk gjennom kameralinsen - han er hobbyfotograf - former hennes bilde av seg selv ... Gradvis skjønner vi at fortellingen også er et tilbakeblikk - fortellerens forsøk på å forstå seg selv, men også hvem faren var ... her ligger romanens største tema: at kjærlighet og forskjønning går hånd i hånd». - Katrine Heiberg, Morgenbladet
Mette Karlsvik har skrevet en original og øm beretning om et fardatter forhold i sin nyeste bok, «Mørkerom». I romanen spiller hun elegant på tvetydigheten og dobbeltbetydningen i tittelen mørkerom. Gjennom hele romanen anes det kommende tapet av faren, han som bruker all sin fritid til å fotografere og fremkalle bilder i mørkerommet.
(...) Mette Karlsviks styrke som forfatter er evnen til å kombinere det konkrete, kunnskapsbaserte med erindring og nærvær gjennom en hverdagslig dialog. I «Mørkerom» bruker hun du-formen for å hente fram bildet av faren, tegne han opp også i situasjoner før hun som den yngste datteren entrer scenen og allerede i sine tidligste år får dette spesielt sterke forholdet til faren. Han som er flygeleder av yrke og fotograf av lidenskap. Gjennom farens fotolinse blir hun sett, hun blir tydelig. (Turid Larsen, Dagsavisen, 2017)
(...) prosaen til Karlsvik har noko leikande lett over seg, sjølv der den er på sitt mørkaste – der døden lukkar, stengjer av og gir Mette svarte hòl i hugen. Nokre av skildringane av farens sjukdom og død er umåteleg sterke. Karlsvikminner om at vårt «viktigaste verktøy er blikket», og gjer lesaren til ein fotograf utan apparat: «Mørkerom» vekkjer trong til å verkeleg sjå seg sjølv og dei rundt seg. For identiteten vår er ikkje berre støypt rundt vårt eige sjølvbilete, men også bygd på bileta vi har av andre. Vi reflekterer kvarandre; ta vare på lyset det gir. (Eivind Myklebust ("Liv laga", Klassekampen 4. nov 2017)
Romanen viser korleis det tette tilhøvet mellom far og dotter er, og korleis ho strevar med å finne seg sjølv når han er borte. Det handlar om å sleppe banda som var i mellom dei to og finne seg sjølv. Mette Karlsvik skriv godt. Ikkje berre lett å lesa, her må ein bruke tid. For ho har eit språk fylt med bilete. Og ho trekkjer inn vitenskap og historie slik at det glir naturleg inn i teksta.
Dette (er) ein vakker roman om kjærleik, familie og identitet. Og om sakn. (Bokbloggar Åslaug, på medbokogpalett.blogspot.com)