Denne kommentaren, som eg skreiv etter at Human rights service, ved Hege Storhaug, i eit blogginnlegg oppmodar oss til å ta bilde av “den kulturelle revolusjonen i Noreg”, og gir eit døme på korleis det kan bli gjort (tre ikkje-etnisk norske på busstoppen på Tøyen) er fjernet av webredaktøren. Bak innleget mitt ser de teksten på toppen av debatten: Velkommen til debatten. Når du kommenterer aksepterer du våre debattregler. Vi forventer en seriøs debatt uten personangrep (…)
Eg meiner at min kommentar var seriøs. _Eg_ går ikkje til åtak på einskilde personar, slik som eg meiner at dette prosjektet står i fare for å gjere. “Eksempelbildet” gjer iallfall det. Det er av tre menneske på ein busstopp på Tøyen. Bildet er tatt såpass tett på at eg, om eg kjente menneska, hadde kjent dei att. Andleta er "sladda" på eit heller enkelt vis. Eg veit ikkje om HRS har bedt om og innhenta tillating frå Datatilsynet for dette prosjektet. Men om dei skulle ha jussen på sin side er dette forkasteleg, farleg, og noko som staten, fordi dei gir skattepengar til HRS, må sjå på. HRS får 1,8 millionar kroner i året frå ei ordning der «Målet er blant annet å medvirke til økt deltakelse i og økt tillit til, samfunnet blant innvandrere».