Heim
  • Bok & scene
  • Skriv for blad
  • Underviser
  • Bestillingsverk
  • Nettlogg
  • Verk
  • Om/ kontakt

Kjøt,

Utsnitt frå oppslag i "Kjøt" (teikna av Tord Torpe)
Utsnitt frå oppslag i "Kjøtt" (teikna av Tord Torpe)

eit samarbeid med Tord Torpe

Små bjørker har øyre. Også gran har øyre. Også små tre har øyre. Suset gjennom skogen: "Kjøt" er på veg.

mån.mai.2018

Eg finn små stiar frå den store stien,

kjem tettare på trea.

Kvar grein liknar treet. 

På kvar grein er det mindre greiner. 

Også små greiner liknar på treet.

 

Forteljinga Kjøt zoomar inn og ut frå store bilde til små detaljar,

frå enzyma som drep ei flue som sit på Rundsoldogg, 

til rutekartet til Buss 54 på veg opp mot Maridalen. 

Denne zoominga er visst eit grep som eg har brukt i fleire bøker. 

Eg har ikkje tenkt så mykje på det. 

Men no tenkjer eg på det

då det eg har skrive er tolka av Tord Torpe. 

Boka var eit iniativ frå Svein Størksen,

ei bestilling nesten utan føringar.

Noko med natur i? Og litt urbant? Og teiknaren blir Tord Torpe. 

Eg skreiv eit slags punktbasert narrativ, som Tord såg ein teikneserie i. 

No har han teikna ferdig, teikna og teikna, for hand, og det har blitt ei fantastisk bok

som vi lanserer ein av dagane 6.-7. juni.

Den blir snart å få tak på hos Magikon Forlag.

  • ‹ Forrige
  • Neste ›
© 2025 Mette Karlsvik
info[at] skrift.info
Personvern + kredditering
Design og utvikling Sømme