Det vaksne livet mitt har hatt ein underleg rytme. Jamnt over føljer eg loven om alle ting sin treigskap. Inertia, som fysikarane kallar det. Eller melankoli. Ein gong kvart sjuande år gjer eg eit kast. Hausten 2016, til dømes. Det var eit møte i Forum for roman og historie, heime hos Thorvald Steen. Etter samtala og diskusjonane kom eg, av ein eller annan grunn, til å spørje Thorvald Steen: kan eg skrive ei samtalebok med og om deg?
Thorvald har kanskje det friskaste hovudet eg veit om. Så han sa Ja. Det var lurt.
Jamnlege turar til Thorvalds heim i tre og eit halvt år. Åtte ulike manus, i mange titals utgåver. Thorvald har vore tålmodig og raus. Redaktøren: Ein fantastisk støttande og motiverande lesar, som eigentleg burde skrive på sitt eige nydelege sakprosaprosjekt, men som har vore i møte med oss, som har printa manus og sendt med bod, og som har sagt og skrive alt rett.
Mona Renate Ringvej har forsøkt å lære meg å spenne bogen i kapittel og i manus som heilskap.
Til hausten er dei jamnlege turane til Ekeberg historie. Eg skal dit kanskje/ forhåpentlegvis igjen, men ikkje med opptakar og lisens til å skyte spørsmål frå hofta.
Når eg ein gong i jubelåret gjer eit hopp og tek eit iniativ, markerer det ofte starten på ein lang og arbeidssam prosess. Samtaleboka blir den boka eg har jobba mest med i livet mitt. Eg kjenner meg litt melankolsk no. Men eg er kanskje berre klar for å trekkje meg tilbake. Samle litt krefter. Vere, som Thorvald ville sagt det: ludvigsk. Etter Ludvig i Flåklypa. Flåklypa er Thorvalds føretrukne diagnoseskjema.
Thorvald bruker også dyr til å skildre sinnstilstander. I eitt av favorittsitata mine frå boka seier han «Jeg kjenner meg litt som han ulven i Østmarka som står der og stirrer på folk som stirrer på han. Ulven får kritikk uansett hva han gjør. Han får kritikk når han ikke er farlig og ikke går til angrep. Han står der bare og stirrer.»
Samtaler med Thorvald er eit rom. Det kjennest litt som å komme heim. Eg har kjent det. Eg har også tenkt: det kan ikkje vere berre eg som liker samtaler med Thorvald Steen?
Så eg fekk ideen til boka. Av den grunn.
Støtta av Norsk faglitterær forfatter- og oversetterforening - NFFO og Stiftelsen Fritt Ord, takk takk takk takk!