Setningane er særskild poetiske, og romanen blir søt musikk med seriøse undertonar. Bilete dansar framfor meg som i ein musikal. Eg vil lære meg å syngje, men nøyer meg med å nyte musikken over disse omtrent 450 sidene, vere tilskodar og publikum, klappe med hendene. Er dette ein godt bevart konsert? Eg vil gi boka ein sterk femmar på terningen, skriv forfattaren Helene Larsen om romanen min frå 2011, Bli Björk. Omtala står på nettsida Aspeger informator, ein opplysingsblogg om asberger. Treffsikker lesnad er alltid rørande og godt, men spesielt fint er det når lesaren er ein kollega. Ho skriv om si eiga skrift slik: Når eg skriv, kan det for meg kjennast som eg syng og fotograferer på ein gong (er det ikkje fint, sart, sterkt?)
Ja, Helene Larsen, det kan knapt bli finare å samtidig vere sart og sterk, stor og sårberr.