"Avstand" er eit samarbeidsprosjekt med biletkunstnaren Shwan Dler Qaradaki. Boka er dokumentarisk, og fortel historia om Qaradakis flukt frå Nord-Irak og Saddam Husseins totalitære regime, og om å etablere seg i Noreg - på avstand frå dei kulturelle og familiære røttene sine. Den fortel om krigar i Irak frå åttitalet, der Qaradakis to brødre kriga på kvar sine sider. Den eine som peshmerga for kurdarane, og den andre som ufrivillig elitesoldat i Saddam Husseins hær. Karlsvik har intervjua Qaradaki om erfaringane hans, samt fått skrevne notat om den same perioda frå hans bror. Boka er stødd av Leser søker bok, NFF og Fritt ord.
Kjøp frå heimesida og få rabattert pris og signatur: