Tord Torpe og MK blir intervjua av Cathrine Strøm på Deichman Hovedbibliotek under Oslo Comic Expo 2018. Foto: Svein Størksen/ Magikon Forlag (som har gitt ut boka)
Boka Kjøt er kommet frå trykkeriet, og var lansert denne helga. Den var valt som eitt av verka presentert på Oslo Comic Expo, som i tillegg til vere ei stor ære, gav mulegheiten til å lene seg tilbake og sjå oppslaga med eit anna og meir avslappa blikk enn det vi kanskje hadde i prosessen.
I ei samtale på festivalen, sa Tord at han frykta at uttrykket varierte mykje fordi boka var skapt over lang tid, der han var i ulike faser og på ulike stader.
Ja, uttrykket varierer litt. Heldigvis. For Tordstreken er med gjennom heile boka. Men det hindrar ikkje at den stundom teiknar naturromantiske oppslag, stundom økokritiske, og nokre gongar modernistiske - alt ettersom hovudpersonens sinsstemning. Kjenner ho seg genial og er litt høg, er stilen romantisk. Når ho kjenner seg framandgjort er stilen modernistisk, og er ho litt splitta og delt er stilen kubistisk.
Eg kjem til å tenkje på det amerikanske bandet Foxygens plate We Are the 21 Century Ambassadors of Peace and Magic. Kvar låt på plata er i ulik stil. Plata har i seg The Velvet Underground, Bob Dylan, Stones, The Kinks, Elvis Presley.
Men det er minst éin stor skilnad mellom Kjøt og We Are the (…): Foxygen lagar blåkopiar av tabulatorar og dervierer i form og farge frå denne. Eit døme er Foxygens On Blue Mountain, som har same refreng som Elvis Presleys Suspicious Minds.
Tord bruker vel verken kopipapir eller Adobe Illustrators sporingsverktøy.
Ein kulturjournalist skreiv om Foxygens kopiering av førebilde at berre eitt band samlar så mange ulike sounds til ein, stor samtidig pakke; Foxygen.
Det same kan eg seie om det som Tord gjorde visuelt sett i Kjøt.
Men der stoppar også samanlikninga.
Foxyen har antennene ute, i alle retningar. Tords antenner strålar også, innover, i leit etter motivasjonen og difor motiva til det store arbeidet. Han har skapt med, og også medskapt ein kontekst av Sigbjørn Obstfelder, filmen Leon, Raudhette og ulven, Snøkvit og dei sju dvergane, Vergil osv osv.