Førdagen skreiv eg til Janne Kruse. Det var eit spørsmål om utstillinga hennar, den som vi skal snakke om på Tegnerforbundet på torsdag. Det tok eit døgn før ho svarte. Ho orsaka. Ho hadde fortapa seg i hagen.
Janne Kruse var fødd og oppvaksen i Danmark. Men så fann ho ut at ho ville flytte frå sollandet og strendene til bygda Rauland oppe i dalum i Telemark for å studere folkekunst. Sidan har Janne budd og jobba som kunstnar i Noreg. No bur ho på den gamle husmannsplassen til Kongsgården på Bygdøy. Der planlegg ho dei store skulpturane sine eller teikningar eller videoar, fotografi eller tekst, og har ho vore med på å gjere eit stykke villniss til eit minijordbruk som forsyner henne, vener og bekjente samt tilfeldige forbipasserande med usannsynleg velvaksne grønsaker, rotfrukter og frukter og bær.
Begge gartneria; hagen og kunstnarskapen, krev tålemot og kjærleik. Og best blir dei når Janne fortapar seg.
Det har ho gjort. 31. mai opna utstillinga Déjà Vu på Tegnerforbundet. Bilde, tekst, skulptur, video. Eg vil ikkje seie meir om utstillinga, den talar for seg sjølv. Dessutan har Kjetil Røed skrive ei melding for Vårt Land i dag. “(…) Kruse gjør synlig den tålmodigheten vi trenger for å utvide horisonten”, skriv Røed. For det hender at også Røed får tålemotet sitt utfordra, og lurer på kvifor han kjenner det som at eitt kunstverk kastar bort tida hans medan han ser lenge og gjerne på det andre. Der er ei aning han har, det at det eine verket er verdt det og det andre ikke. Han vektlegg særleg skulpturen A writer's knee on a pedestal (2009-2018). Den er eitt av fleire metaverk i utstillinga, og eitt av fleire verk som både praktiserer og diskuterer tida alt kan ta, om ein legg hjartet sitt i noko.
Og kanskje skal det ta like lang tid å lese verka som det tar å skape dei. Røed skriv om Jannes arbeid: “Resonnementet kommer etterpå”.
Røed skriv at Jannes kunstverk handlar “like mye om oss som ser som de handler om kunst. Verkene blir redskaper for å nyansere hvordan vi orienterer oss i verden – de blir speil som gjør det mulig å undersøke hva fascinasjon er.”
Eg venta i spenning på Jannes svar. Og ho svarar altså tilslutt,er ute av hagen, og er tilbake i samfunnet. Eg vitjar Jannes hus, Om eg vil ha ein kopp te? Janne set kjelen på omnen. Ho skyl glassylindrar, små tekoppar og fleire, små tekanner. Ho set sylindre, koppar, kanner på eit fat av tre, og set på bordet i stova, det med utsikt ned til Kongsmarkene. Janne legg nokre lange blad av te i botnen av sylindre og kanner. Ho skyl teen. Ho byrjar med den kvite teen, tar første trekket av denne, og serverer ein munnfull til kvar av oss. Ho har i nytt vatn, og lar teen trekke for andre gongen. Og slik går dagen, til stadig kraftigare tear.
Og eg som skulle eit eller anna, kva var det, eitt møte.
Resonnementet kjem etterpå.
Jannes utstilling står på Tegnerforbundet til 1. juli. Torsdag klokka 17 har ho og eg ein samtale med utspring i utstillinga hennar. Der kan ein òg få ta med seg eit tekstverk som eg skreiv til utstillinga hennar.